Logo i nøytral farge

klikk for å sjå presentasjon

Ordmerke i blå

sjømat for framtida

SjømatStaden blei til i møtet mellom familiebedriftene Eide Fjordbruk og Kvernevik. I til saman fem generasjonar har vi vore pionerar i kvar vår bransje. No har vi gått saman for å skape sjømat for framtida.

Med eit felles verdigrunnlag der det å bygge stein på stein gjennom hardt arbeid, er utgangspunktet at vi ynskjer  å skape eit senter for framtidas sjømat.

En grønn tang
En liten vanndråpe
En liten vanndråpe
En liten vanndråpe

Berekraft frå sjøen

Norsk sjømat er ettertrakta i verda. Vi har unike naturgjevne forutsetningar til å produsere mat verda treng. Vi trur på ei utvikling der produksjonen skjer berekraftig, og at framtidas norske sjømatproduksjon består av langt fleire artar enn i dag.  

For oss handlar berekraft om å gjera ting på ein måte som gjer at neste generasjon etter oss kan gjere det same. Dette handlar om at miljø-, samfunnsmessige og økonomiske omsyn er ivareteke. Teknologi, kunnskap og handverk dannar grunnlaget for å skape sjømat for framtida.

Uendelighetstegnet

Det fins

2 000 000

ukjende artar i havet

Fisk
I norske farvatn er det til saman 332 fiskeartar. På verdsbasis står karpe for størsteparten av volumet industrielt produsert fisk. I Noreg er atlantisk laks, Salmo Salar, den mest utbredte arten innan akvakultur. Andre artar som kveite og blåfinna tunfisk er også på framvekst og lovande for framtidas sjømatproduksjon.
Skjell
Det fins omlag 8000 marine muslingartar i verda. Dei aller fleste muslingane vi kjenner til har eit høgt proteininnhald og eit lågt innhald fett. I tillegg har muslingar ofte andre positive sider; blåskjell har til dømes evna til å lagre CO2 i skalet. 
Tang og tare
Tang og tare har vore nytta i Asia i tusenvis av år. Dei siste åra har produkta blitt meir utbredde i vesten på grunn av sin smak og unike evner. Sukkertare har eit stort potensial innanfor integrert havbruk då den kan nytte seg av næringssalt frå til dømes lakseproduksjon.
Skalldyr
Krepsedyr er ein kategori med leddyr som har eit stort potensial. Med riktig teknologi og fôrressursar vil skal- og krepsedyr verte ein sentral del av framtidas sjømat. Krepsedyr er kjende for sin eksklusive tekstur og særegne smak. 
Teknologi

Teknologi

SjømatStaden skal produsere sjømat på ein framtidsretta måte. Dette legg klare føringar for dei teknologiske vala vi gjer. Lakseproduksjonen som vil vere ein berebjelke i utviklinga vil foregå i lukka merdar i sjø. Smolten som går ut i dei lukka sjømerdane kjem frå eige klekkeri og settefiskanlegg.

Lukka system

I dei lukka sjømerdene vil produksjonen ikkje påvirke livet utanfor. Slam frå anlegget skal takast opp og prosesserast. Med lukka merder vil ein få same fordelane som på land, samtidig som ein utnyttar fortrinna sjøproduksjonen har.

Produksjon

Annan produksjon vil skje ilag med samarbeidspartnarar. Vi vil legge til rette for å utnytte våre biprodukt til denne produksjonen. Det vil vere sterkt fokus på innovasjon. Målet er at nye artar skal komme inn i komersielle spor under eige merkevarenamn.

Fornybar

I eit samarbeid med Lefdal Mine Datasenter vil vi utnytte spillvarmen frå datalagringssenteret vår produksjon. Dette vil opne for berekraftig produksjon av artar som krev varmare vatn basert på ein resurs som i dag ikkje er utnytta.

SjømatStaden vil bli eit akvakulturbindeledd der sjø møter land og verdiar skapast. Staden der forskingsdreven utvikling skal føre til kommersiellskalaproduksjon. Gjennom tverrfaget mellom teknologi og biologi ønskjer vi å skape engasjement for havrommet som matfat.

Kalneset

SjømatStaden skal vekse fram på industriområdet Kalneset i den vakre nordfjordbygda Bryggja. Kalneset har tidligare vore utskipingshamn for mineralet Olivin. No skal området nyttast til forskning og produksjon av framtidas sjømat. Med si gode plassering og infrastruktur vil vi få til eit unikt samspel mellom land og sjø i vår produksjon og utvikling.

"Bølga"

Felles for alle hav er bølger av ulike slag. Bølga kan vere frå mild og nesten usynleg, til enorm og skremmande. Vi trur at arealet under desse valdsame naturkreftene, og landet der dei treff, vil danne grunnlaget for framtidas matproduksjon. For oss i SjømatStaden er korleis Bølga bryt i stiv kuling frå nordvest innover kysten vår, sjølve bildet på dette. Derfor er vårt bygg - Bølga - danna rundt desse naturkreftene, og vil stå som vårt symbol på framtidas matproduksjon.

Dronefoto av Kalneset

Folk

Menneska bak SjømatStaden har bakgrunn i familieselskapa Eide Fjordbruk og Kvernevik som begge er bygd på ein stein-på-stein-filosofi.

Frode Melsether
Frode Melsether
er daglig leder
Marius
Marius Johan Svoren
Oskar Kvernevik
Oskar Kvernevik
Erlend Eide
Erlend Eide
Sondre Eide
Sondre Eide
Christoffer Marøy
Christoffer Marøy
no
en